Arve sine maleri
http://arvesinemaleri.com/katalog/Link til : Utstillingskatalog – Øystese 2. – 7. oktober 2020

Link: Fjordaserien – del 1 – 2019
Link: Fjordaserien – del 2 – 2019
Link: Fjordaserien del 3 – 2019
(KLIKK PÅ EIT AV BILETA PÅ DENNE SIDA, SÅ KJEM DU TIL DEN KATEGORIEN )
Kvifor i all verda gjer eg dette?
«Desto styggare, eldre, slemmare, sjukare, fattigare eg vert, desto meir får eg lyst til å ta hemn gjennom å skapa strålande farge, i godt samspel, lyst og vakkert». Dette sa Vincent van Gogh, malaren av gule åkrar og strålande landskap og blomar.
I same gata som Vincent van Gogh gjekk mine tankar –bevisst eller ubevisst–da eg fekk ein prostatakreft-diagnose hausten 2018 på toppen av leddgikt og ein lungeskade.
«Her gjeld det å mala seg gjennom, og spreia rundt seg med mange, ljose og oppmuntrande fargar», tenkte eg. Frå november og fram til nå har eg difor malt meg gjennom sprøyter, tablettar og stråling, og har kome ut att i andre enden –ser det ut til –med ein nokså kreftfri kropp og ei stor mengde bilete –sjølv om eg framleis slit med helsa mi.
Desse bileta la eg ut på Facebook etter kvart, av og til saman med ein liten rapport om korleis det gjekk med behandlinga. Reaksjonane var overveldande, og veldig mange sa at eg burde visa fram bileta. Eg nølte lenge. Eg er jo berre ein amatørmalar som har drive med dette litt sånn av og på gjennom åra –eit par år på 80-talet, noko liknande på nittitalet –og så nå som pensjonist meir og meir –til slutt nesten dagstøtt. Og til slutt let eg meg overtala.
Ikkje få av bileta har tilknyting til Hardanger og fjordlandskap. Difor vart det naturleg å halda utstilling heime i Øystese. Godt og vel 40 bilete, nesten alt i akryl, på lerret eller på papir. Nesten alle vart selde – dei fleste etter loddtrekning mellom fleire liebhabarar. Vinteren 2020 hadde eg også ei mindre utstilling på Gran Canaria, der halvdelen av bileta vart selde.
Våren 2020 fekk eg ein ny kamp å kjempa, med ein krevande nyebetennelse, som eg framleis slit mykje med. Da var det å bita tennene saman, og atter setja farge på tilveret og bruka fargane som terapi.
Her er bileta samla etter tema FJ for fjord, POL for politisk, etc.) , og nummererte, dvs. at bileta frå 2020 har eit nummer som endar på /20.



KVA KUNSTNARAR SEIER OM Å MALA OG OM Å BRUKA FARGANE
– «Others have seen what is and asked why. I have seen what could be and asked why not.” Pablo Picasso
– «I do not literally paint that table, but the emotion it produces upon me»
Henri Matisse
– “Never ruin a good painting with the truth” Henri Matisse
– «I dream my paintings, and I paint my dreams» Vincent van Gogh
– «Ich möchte, dass die Farbe lächelt, bisweilen singt. Ängste haben wir schon genug.» Hans Laabs(tysk kunstmalar og skodespelar 1915 -2004)
– «I prefer living in colour» David Hockney
– «I do not literally paint that table, but the emotion in produces upon me» Henri Matisse
– “Never ruin a good painting with the truth” Henri Matisse
– «I dream my paintings, and I paint my dreams» Vincent van Gogh