
FJ 1/19 – Med Jarle Rosseland i tankane (SELT)
Jarle Rosseland er ein kunstnar med røter her i Kvam. Han er grafikar, og få har som han klart å formidla «kjensla av fjorden» – i klare, reine og sterke fargar. Eg har utan blygsel stole litt av hans konsept og tilnærming i min læreprosess.

FJ 3/19 – Steinsdalsfossen (SELT)
Rundt Steinsdalsfossen er der grønt gras, fjellknausar, berg-skjeringar, ein veg, ein god del skog, og skimt både av bøar og litt fjell. Alt storleg forenkla -og kanskje litt karikert? Utgangspunktet var eit prospektkort.
•Akryl på papir, motiv 40×50 cm, innramma med passepartout. (50×70 cm)

FJ 5/19 – Fitjadalen, fjord og fonn (SELT)
•Dette utsynet får du på veg til Breidablik, ned mot Fitjadalsvatnet – langt der nede. Bygda Øystese, fjorden, Austerfjella og litt av fonna ligg lagvis bakover mot horisonten.
•Akryl på papir, motiv 40×50 cm, innramma, med passepartout. (50×70 cm)

FJ 7 – Lundanes og fonna i skodda (SELT)
FONNA I SKODDA. Som før sagt, over fjorden er ikkje himmelen alltid blå. Mange dagar kan vi faktisk ikkje sjå den vakre Folgefonna. Men vi veit ho er der. Dette er heilt enkelt utsikta frå terrassen og stova vår i Øystese ein gråversdag, med den idylliske Lundanes i front.
•Akryl på papir, motiv 40×50 cm, innramma med passepartout. (50×70 cm)

FJ 2/19 – Fritt ettter nasjonalromantikken (SELT)
Eg fann på nettet eit maleri frå nasjonalromantikken, med ei ung bunadskledd jente som gjekk i eit landskap som det som ligg til grunn for mitt bilete. Eg fjerna jenta og forenkla formene, og leikte meg med fargane.

FJ 4/19 – Under fonna (SELT)
•Eg såg på David Hockney(meir om han seinare) sine mange bøljande landskap med engelske tonar, gjorde huset om til eit typisk vestlandsk småbruk, og la til den uunngåelege fonna, og slik vart det.
•Akryl på papir, motiv 40×50 cm, innrammamed passepartout. (50×70 cm)

FJ 6/19 – Min barndoms dal (PRIVAT EIGE)
Stølen Kvanvik i Fitjadalen var der vi var mest om somrane. Dette er faktisk nokså nøyaktig basert på eit fotografi innover Fitjadalsvatnet, der alle former med unntak av konturane mot vatn og himmel er utraderte.
EIN LITEN HISTORIE OM EIT LITE MALERI: Ein kjent kunstnar har sagt at det å mala dreiar seg om å skapa orden der det var kaos. (Trur det var Picasso?) Det tolkar eg som t.d. å forenkla der det finst mange detaljar, for å prøva skapa ei stemning, eit inntrykk.
•Utgangspunktet var eit vakkert foto av ein speglblank dag i Fitjadalen. Eg teikna dette først på akvarellpapir og fargelagde med tusjstiftar. Så forenkla eg formene og fargane nokre steg til med akrylfargar i litt større format, og deretter tok eg ein titt på Jarle Rosseland -for å sjå korleis han løyste slikt. Resultatet vart dette biletet. Eg vonar nokon finn att eit snev av stemning, stad eller natur frå Fitjadalen, med Kvanvik og Lauvikane til venstre, og Skrott midt i for dykk som er kjende.
•Akryl på papir, 30×20 cm, innramma m/ passepartout (40 x 30 cm)

FJ 8/20 – OVER FJORDEN ER IKKJE HIMMELEN ALLTID BLÅ (SELT)
•Ei lett omskriving av det optimistiske munnhellet kan stå som overskrift over dette biletet. Sommaren i vest er ikkje alltid like blå, det er like ofte grått og vått. Difor dette -opninga på Ulvikfjorden, sett frå Brimnes mot Bruravik; i gråverpå veg austover ein gong i sommar.
•Akryl på papir, motiv 40×50 cm, innrammamed passepartout. (50×70 cm)